søndag 2. mai 2010

Velkommen skal du vera

I mørkret er det godt å vera
for der kan Sebastian drøyme
og månen kan visa seg
og leggja sitt tak av lys
over husa der borte
og Sebastian kan drøyme
at ei stjerne
skal koma og ta han i handa
lyfte han bort
med sin skråe musikk
til ein stad der ein ung gut med store brune augo
står og ynskjer han velkomen
Velkomen skal du vera
Sebastian
seier guten

Til Georg Trakl,
av Jon Fosse